torsdag 26. mai 2011

Kaninbyen- Ei bok om alt anna enn kaninar

Kaninbyen er ein roman av forfattaren Arild Rein. Boka er utgjeven på Det Norske Samlaget i 2004, og er på 174 sider. Boka blei i 2008 stemt fram av innbyggarane i Stavanger som den boka heile byen skulle lese under prosjektet ”Heile byen les”. Kaninbyen er den tredje og siste i ein serie på totalt tre bøker. Handlinga i denne serien er lagt til Stavanger, heimbyen til Rein.
Kaninbyen skildrar underverda i oljebyen Stavanger. Kriminalitet, prostitusjon, men også kritikk av dei rike og velståande, er berre noko av det boka tek for seg. I sentrum for handlinga finn me den tidlegare politimannen Jonny Roxmann. Jonny vert framstilt som svært kritisk, kynisk og  ein fordomsfull småtjuv av ein mann. I tillegg har han sterke og hyppige svingingar i humøret. Det skal ikkje mykje til før han lirar lange tiradar  av ukvemsord ut av seg.
Boka er svært sivilisasjonskritisk. Forfattaren set fokus på måten innbyggarar i Stavanger ter seg. Særleg kritiserer Jonny dei rike og velståande, og forsøkjer å vise lesaren kor bortskjemde olja har gjort ”siddisane”. Det er godt mogleg at forfattaren med boka ynskjer at lesaren skal tenkje gjennom korleis me som individ opptrer blant andre menneskjer og korleis me ynskjer å bli oppfatta av våre medmenneskje.
Tittelen på boka er svært spesiell. Då eg først leste overskrifta Kaninbyen, tenkte eg at boka skulle handle om kaninar, eller at ein kanin i det minske  vart involvert; men det er det altså ikkje. Slik eg oppfattar det, er det to hovudårsaker til at Jonny omtalar Stavanger for kaninbyen. For det første er det slik at kaninar bur i holar under jorda, og skjuler seg frå omverda. Jonny har liknande tankar om innbyggarane i Stavanger. Han meiner at ”siddisane” gøyma seg bort og ønskjer ikkje å blir eksponert for omverda. For det andre har Jonny ei meining om privatlivet til Stavangerfolk. Han meiner at innbyggarar i Stavanger har liknande paringsvanar som kaninar, og tankane til forfattaren om dette, kan også vere ein av årsakene til den sære tittelen.
Kaninbyen skilde seg klart ut frå dei aller fleste bøker eg har lese.  Det svært harde og grove språket, og det  nærast paniske forholdet til ukvemsord, gjer at alle dei elles så morosame poenga, observasjonane og resymea til Jonny til dels druknar og forsvinn. Bruken av faen eller jævla i nesten kvar einaste setning er berre eit irriterande og frustrerande moment som tek merksemda bort i frå noko som kunne vore morosame innspel frå den kritiske Jonny Roxmann. Banning førekjem truleg med høg frekvens i det miljøet Jonny er ein del av, men i romanen har det teke overhand, og etter mitt syn, øydelegg det meir enn det hjelpar historia som blir fortalt.
Slik eg ser det, har Arild Rein forsøkt å skape ein sivilisasjonskritisk roman, men eg vil ikkje utan vidare anbefale boka. Historia hadde potensiale, men forsvinn altså litt i all banninga, som rett og slett øydelegg. Boka byr på fleire gullkorn og fleire interessante betraktningar, men historia tek aldri heilt av. Det er eigentleg ganske synd, då forteljinga, med litt forandring, kunne ha vore til underhalding for mange både i, og utanfor, Stavanger.

Kjelder
Rein, Arlild. 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. Oslo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar